Vilhjalm frå Rygsnesi retta ryggen, og såg ut over arbeidsmennene sine. Å bryte ny mark var hardt og strevsamt arbeid. Jorda på Rygsnesi gav god avling, men hadde mykje stein. Skulle dei få nok mat til å fø den veksande familien var dei nøydde til å rydde meir mark, stein eller ikkje.

Det var alt oktober, det tok til å haste med å gjere rydningsarbeidet ferdig, snart kom snø og frost. Medan han stod der og strakte ryggen såg han at kona hans Ingjerd kom gåande mot dei. Med seg hadde ho drikke og ei korg med villeple. Vilhjalm tok eitt og kjende den friske og bittersøte smaken av villeple mot ganen. Gudane hadde vore gåvmilde mot dei i haust, rikeleg med villeple, hasselneter og vilt. Det var godt, og dei takka Odin og Idunn. Odin for naturens gåver, Idunn for at ho vakta epla som gav dei gode gudane evig liv.

Dei trengte å gode forråd til vinteren. Når vinterstormane hadde lagt seg var det tid for å reise i viking. Då måtte dei ha krefter, og overskot av forråd til å ta med seg. Villeple og hasselneter var godt å ha i tønnene på vikingskipet.