Kvinneskipet Embla og Reksnes gard feirar Gange-Rolv

I år feirar ein Rollo og Normandie sitt 1100-års jubileum i Normandie, Frankrike. Rollo var den første hertugen av Normandie og stamfar til Wilhelm Erobraren og det engelske kongehuset. Rollo kom høgst sannsynleg frå Møre og vart kalla Gange-Rolv. Han herja saman med vikingane i Frankrike, og for å få fred tilbaud den franske kongen at Gange-Rolv skulle få Normandie. Det takka Gange-Rolv ja til og har vart ein framifrå hertug under namnet Rollo.

Diverre er ikkje den norske stat spesielt oppteken av å markere dette store jubileet som no vert feira i Frankrike. Diverre - fordi dette er eit glimrande høve til å marknadsføre Noreg, som kulturnasjon, reisemål, som mat- og drikkeprodusent og som eksportør av fisk, industri-produkt med meir. Med heiderlege unntak, som Ålesund og Giske kommune, er det liten offentleg interesse for å skape blest om Noreg og norske produkt i samband med 1100-års jubileet.

Stiftinga Embla og Reksnes gard har tenkt å gjere noko med dette. Vi har fått offisiell invitasjon til å delta på jubileumsmarkeringa i St-Lô 25. – 26. juni. Byen vart invadert av norske vikingar i vikingtida, og også bomba sønder og saman under 2. verdskrig.

Embla ”kvinneskipet ro for fred” er ei stifting forankra i Volda, Herøy og Eid kommune på Nordvestlandet. Embla har som føremål å fremje fred og internasjonalt kultursamarbeid. Emblakvinnene har sitt eige vikingskip kalla ”Embla”. Det er mykje god symbolikk i at eit norsk vikingskip deltek med fredsskapande og kultursamarbeidande føremål på 1100-års jubileet for vikinghøvdingen Gange-Rolv. Frå krigsskip og herjing til fredsskip, og kultursamarbeid over alle grenser; lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Reksnes gard i Nordfjord er godt forankra i historia med fornminne og vikinggraver, og i notida med satsing på ”calvados” - (fransk eplebrennevin) og siderproduksjon basert på normannisk tradisjon, samarbeid og kompetanse.

Det er sterke historiske og notidige koplingar mellom Vestlandet og Normandie. Vi ønskjer difor å markere Noreg, Vestlandet og vår kultur, natur og produkt i samband med 1100-års jubileet. Embla med vikingskip og kvinneleg mannskap og Reksnes gard med Roll’eau – ein jubileumsaperitiff laga av Calvados frå Normandie og epleråsaft frå Nordfjord. Vi skal skaffe god PR for oss, Vestlandet og Noreg.

Roll'eau - Jubileumsaperitif fra Reksnes gard i begrenset antall utviklet til 1100-års jubileet for Normandie.

For utfyllande informasjon kontakt:
Stiftinga Embla ved Marianne Herje, Kyrkjebakken 3, 6723 Svelgen, mobil 976 19 242
Reksnes gard ved Helga Odden Reksnes, 6776 Kjølsdalen. mobil 958 23 080

Sjekk og: embla.zet.no og reksnes.no