Reksnes gard byggjer opp ein produksjon av cider, sterkvin og sprit basert hovudsakleg på eple på Reksnes i Eid kommune. Vår produksjon byggjer på den ”normanniske” metoden. ”Normannar” tyder ”mann frå Nord” og den norske vikinghovdingen Gange-Rolv var i følgje islandsk sagatradisjon den første hertugen av Normandie, Frankrike.

For vikingane spelte eple ei svært viktig rolle. Gudinna Idunn sine eple gav gudane evig ungdom. Gudinna Idunn spelar difor ei heilt avgjerande rolle i den norrøne gudeverda. Men gudinna Idun er sjeldan avbilda med eit ansikt.

I 2011 feirar vi Gange-Rolv/Rollo sit 1100 års jubileum. Til dette jubileet skal Reksnes gard lansere sitt første produkt. I samband med marknadsføringa av produkta frå Reksnes gard vert det difor utlyst ein konkurranse: ”Idunns ansikt”:

Lage eit kunstnarisk utkast til Iduns ansikt, eit ansikt som skal brukast av Reksnes gard i si marknadsføring og konseptbygging.

Reglane er like enkle: Utkastet må vere så detaljert og ferdig at det enkelt kan ferdigstillast og brukast både som et konkret bilde og som eit grafisk element. Materialval og uttrykksform er opp til innsendarane å bestemme. Eigedoms- og bruksrett for det/dei vinnarbidraget ligg hjå Reksnes gard. Vinnaren får kr.20.000,- pluss betalt opphald i ei veke for to i Normandie i 2011. I tillegg til vinnaren vert det plukka ut to bidrag som vert premiert med kr.2500,-.

Vinnarane vert plukka ut av ein fagjury. Reksnes gard står fritt til å bruke eller ikkje bruke vinnarbidraga. Kontaktperson for konkurransen er: Helga Odden Reksnes


Konkurransen 'Idunns ansikt' er no ferdig juriert.

Laurdag 28. mai blei det arrangert kunstutstilling i eplehagen på Reksnes gard.

Dei 19 deltakarane i konkurransen stilte ut bidraga sine. Vinnar av Idunns ansikt er Heidi Heggdal frå Innvik i Nordfjord. Dei to som får hederleg omtale av juryen er Sissel Kvernevik frå Vågsøy og Julie Kolstad Andresen frå Oslo.

Jurymedlem Vilde R.S. Reksnes overrekker premiekortet til Heidi Heggdal Jurymedlem Vilde R.S. Reksnes overrekker premiekortet til Heidi Heggdal