Med mange fornminne inkludert tre vikinggraver, er det ikkje tvil om at det har budd folk på Reksnes i hundrevis av år. Med dette utgangspunktet er det kanskje heller ikkje så rart at ein har velt å bruke den historiske koplinga, like før og under vikingstida, som utgangspunkt for marknadsføring og profilering av garden og produkta derifrå.

Før og under vikingtida spelte dei norrøne gudane ei avgjerande rolle i folks kvardag. Gudanes handlingar og intriger gav forklaringar på det uforklarlege og naturens og livets mange luner.

For ein eplegard er ein av gudane, eller gudinne, Idunn mest interessant. Hun vaktar epla som gjev gudane evig liv. Idunn er gudinne for visdom, fruktbarheit , evig ungdom. Utan at gudane får ete av hennar eple vil dei ikkje har evig ungdom, evig liv. Den norrøne Idunn har sine medgudinner som Freia og Pomona i andre religionar.

Eple er det i heile myteomspunne og står sentralt i både historiske og religiøse samanhangar. Eple i Edens hage - her kjem Adamseplet til mannen i frå, Hesperidenes gull eple, Rikseple osv. Eple er utan tvil ei symbolsterk frukt, men også symbolet på sunnheit – Eit eple om dagen…
Men vikingane betrakte eple som mat for gudane, og tok eple med seg på vikingferd. Fullt av antioksidantar og eplesyre var kanskje vikingane sine eple godt mot skjørbuk og andre medisinske plager på lange havferder.
Vi vil lage drikke for gudane, eller for kvalitetsbevisste menneske. Og vi vil lage essensar som møter kvalitetsbevisste menneske sine krav og ynskjer. Til å få til det må vi ha gudane med oss. Vi har mange gode verdslege støttespelarar. Innovasjon Norge og Eid kommune bidreg og økonomisk.