”Garden er ein av dei gamle gardane som er nemnde i Bjørgvin Kalvskinn 1306 – 1350, og er etter Svartedauden nemnd i 1520. På garden står ei bud frå middelalderen. Det ligg gravrøysar langsmed fjorden, og det er funne ymse fornminne. Reksnes har vore nemnd som Rygsnes og Risness. På ytre Reksnes er det to bruk, og på indre Reksnes tre bruk, med Reksneselva som skilje. Bru over elva i samband med vegen kom i 1911. Reksnesgardane ligg lunt ved fjorden, og det vart dyrka fin frukt. På ytre Reksnes går gamlevegen opp Bjønnastien til Aardal og Tømmerstøl. Vegen var og setreveg til Langlihola for ytre Reksnes. … Folket på Reksnes har livnært seg av det bruka gav. I notid er det ikkje husdyr på Reksnesbruka og gardane vert hausta av andre brukarar. På Ytre Reksnes er det siste åra planta ut epletre av gamle sortar for seinare produksjon”

Reksnes, bnr. 1, Ytre Reksnes, Torgjerbruket Fornminnefunn viser at Reksnes er eldgammal. Bjørgvin Kalvskinn omtalar garden Rygsnesi. Jon på Rixness nemnd som jordegodseigar i 1520. …

Middalalderstove Torgjerbruket på Reksnes Buda kan ha vore bygd etter Svartedauden. Den gamle buda mot aust vart seinare bygd på med ein gang og eit rom mot vest, slik det står i dag. Rommet frå eldre tid er ein usikker på bruken av, men det kan ha vore brukt til forrådslager til klede og mat. Det er ikkje spor etter eldstad. … Buda er i dag freda.

Kjelde: Bygdebok for Kjølsdalen Krins, Astrid Gilleshammer, 2010

Les mer om forhistoria på Reksnes gard her